Elgjegernes Råfisklag
sin lofottur 2006

Å pilke skrei med stang på Eggja i Vestfjorden i Lofoten er eit
eventyr for lidenskaplege sportsfiskarar.
Ola Bjelland frå Hommersåk ved Stavanger var den som suverent fekk mest fisk.
Den største vog over 18 kg.
Rømde frå vestlandsregn
Vi reiste frå Hyen i, nær sagt som vanleg,
sprutande regnvêr. Det var ein fantastisk overgang å lande på
flyplassen der nord i strålande sol og nesten skyfri himmel. Men
temperatursjokket som møtte oss når vi kom ut av flyet var merkbart.
Nokre minusgrader i stiv kuling merkast godt for tunnkledde ”søringar”.
Godt å tenkje på at vi hadde frottert ullundertøy og skikkeleg
termodress i bagen. På turen utover mot Henningsvær fekk vi sett rikeleg
av opprørt hav med kvitskum på bølgjetoppane. Sjølv om vêrmeldingane lova spakning til liten kuling og
kanskje berre frisk bris, såg vi for oss at det kunne bli landligge første
dagen.

Her har Bård Heimset fått
ein fin skrei opp i den opne båten. |
Rorbulosji
Som vanleg hadde vi bestilt innlosjering hos
Henningsvær Rorbuer, eit etablissement med 21 restaurerte rorbuer. Dei to
buene ”våre” stod som vanleg klare til innrykk med førehandstinga
proviant levert på døra. Med fire mann i kvar rorbu, kunne vi ha det
rett så triveleg med brukbart kjøken, dusj og toalett som standard
utstyr. Eigaren hadde og klar to sjarkar til oss, ein saktegåande, open,
og ein delvis overbygd båt som kunne gjere rundt 40 knop. Det skulle nok
bli ei råd med skreimølja i år og.
Kuling frå
nordaust
Den første
dagen vart som venta litt vel vindfull. Vi prøvde oss på sjøen, men det
var nok krabben som fekk mest utbyte av den turen. Vi måtte til slutt
berre snu og stampe oss innover att i tung motsjø og sjøsprøyt som stod
høgt over båten. Godt at det er bora hol i skutesidene litt over sjølinja
på slike båtar slik at alt vatnet renn ut igjen etter kvart. Skikkeleg påmonterte
redningsvestar på alle mann er sjølvsagt eit ufråvikeleg krav på slike
turar.
Mølje
Men vi fekk likevel nok fisk til å ha ein herleg
skreimiddag om kvelden. Vi kokte både lever og rogn, torskehovud og fisk,
og ein kar frå Sandefjord sytte for dygdig sandefjordssmør til. God
raudvin høyrer og med til ein skikkeleg torskemiddag. Men etter ein dag
med strabasiøs tur på sjøen, masse frisk luft og ein stor møljemiddag
med raudvin til slutt, slokna dei tøffe ”feskarkaillan” temmeleg
fort.
|

I år fekk leige ein splitter ny, delvis overbygd racerbåt
på årets gutetur i Lofoten. Knut Bøvre frå Sandefjord viser fram
ein skikkeleg rugg av ein skrei dei nett har fått om bord i båten. Ein
kjenner det godt når ein får på eit slikt eksemplar på stang.
Hjortemiddag
Vi prøvde
oss på sjøen neste dag og. Vinden hadde løya litt, men vi i den opne båten
heldt oss litt meir i le for å kunne ha det nokolunde behageleg. Det vart
ein del fisk likevel, særleg på dei i den raskaste båten. Dei kunne
tillate seg å gå litt lenger ut der fisken gjerne står. Om kvelden vart
det, som ei lita avveksling, servert hjortesteik med nydeleg
kantarellsaus, brokkoli, gulrøter og sjølvsagt poteter til. Den før
nemnde sandefjordingen laga potetstappe med restane av sandefjordsmøret
frå dagen før i, så det vart eit kongeleg måltid denne kvelden og.
Slik mat slår likevel ikkje ut middagsgjestane i same grad som fisk gjer,
så denne kvelden vart av meir sosial karakter enn den føregåande.

Henningsvær sett frå leia ut mot Eggja og
fiskefelta i Vestfjorden. Fjella bak er eit mykje brukt fotomotiv.
Maksvêr
Om natta kunne vi konstatere at vinden løya heilt
og sjøen vart spegelblank utanfor rorbuene. Og den tredje og siste
dagen vart det maksvêr med damstille, nesten flatt hav og sol frå ein så
godt som skyfri himmel. I dag skulle det fiskast! Vi kom oss på sjøen,
om ikkje akkurat grytidleg så i alle fall godt på føremiddagen. Denne
laurdagen var det verdsmeisterskap i skreifiske, og heile Lofot-havet var
strødd med båtar. Det er utruleg vakkert i Lofoten ein slik dag. Vi tok
mange bilete, og vi håpar nokre av dei betre enn ord kan formidle den
fantastiske stemninga. Ein får rikeleg høve til å nyte utsikta både på
turen ut på feltet, og på heimturen etterpå. Særleg vakkert er det når
den raudlege kveldssola fargar dei karakteristisk drivkvite, snødekte
fjellformasjonane som utgjer Lofot-veggen i fleire nyansar av gult
og oransje. Det er som å vere midt i eit prospektkort.

Litt variasjon i kosthaldet må det vere også på
skreifeske. Her er det råbiff av hjort som vert fortært.
Bra med fisk
Og vi
fekk godt med fisk. Den største skreien vog over 18 kg, og vi hadde
fleire på 10-12. Det vart ein heil jobb å reinse og stelle all fisken.
Det kan vere temmeleg kaldt å stå på kaia i fleire minusgrader og
stelle fisk. Men stelt vart han, og sirleg vakumpakka og nedfrosen. Største
bekymringa var kva dei ville seie på flyplassen når vi kom for å sjekke
inn bagasjen på veg sørover att. Vi gjorde kva vi kunne for å ete opp
mest muleg siste kvelden i rorbuene i Henningsvær, men måtte likevel
setje igjen ein del av fisken. Neste års gutetur til Lofoten er allereie
bestilt, og då satsar vi på at Lofast-sambandet er klart.
På
bilturen heim frå Bergen sprutregna det.

Det er utruleg vakker utsikt frå Henningsvær
Rorbuer.
Til
hovudsida >>>
|