Ulike jaktformer på hjort:
Bøajakt i grålysninga tidleg om morgonen er effektiv og ulideleg spennande. Då lyt ein gjere som rovdyra og åle seg mot vinden inn på byttet. Ein får rikeleg høve til å studere dyra si sosiale åtferd alle dei gongane det ikkje høver å løyse skot. Det vert mykje øving i å vere tolmodig, ein lærdom som er svært viktig for å bli ein god jeger. Dette er kunnskapar som kjem til nytte også på vanleg drivjakt og stilljakt ute i terrenget. Mange jegerar som ikkje har røynsle frå slik jakt, trur at bøajakt er ei simpel jakt. Dei tek feil. Dette er ei sikker og human jaktform.
Femgreinaren vart
felt på Bakkane i grålysninga om morgonen den17.10.00 og vog 100 kg slaktevekt.
Han var, som ein kan
sjå "god og brun"under buken, men kjøtet var av god kvalitet
likevel.
Tregreinaren vart felt på Bakkane i grålysninga
15.11.00. Han var i ferd med å "ete seg opp igjen"
etter brunsthardkjøret i oktober og
var lys og fin i kjøtet. Slaktevekta var 63 kg.