Vi reiste torsdag 13. oktober i
sprutande regnvêr. Det fossa ned slik det har gjort store delar av
denne hausten. Ei ny reiserute vart utprøvd denne gongen. I staden for
å køyre Hallingdal sørover få Gol til Hamremoen, og vidare om
Vikersund, Hokksund og Kongsberg til Notodden, tok vi til høgre ved
Nesbyen over Rukkedalen til Numedal. Like før Kongsberg tok eg til
høgre att over Jondalen til Bolkesjø og Lisleherad. Godt over ein time
køyring vart spart i høve til tidlegare, og sjølv om vegane var noko
meir lik dei vi har her vestpå, var også trafikken tilsvarande liten,
så dette kjem vi til å gjere fleire gonger.
Regn vart godvêr
Det regna i Lisleherad og,
men meldingane for langhelga var gode. Det var difor eit optimistisk
tital jegerar og ei handfull ivrige elgbikkjer som samlast på Dårstul
torsdag kveld. Jaktlaget hadde ni dyr totalt på fellingskvoten, og med
fem felte dyr helga før, stod det fire att til denne helga, tre ungdyr
og ei ku. Kua er alltid god å ha i reserve til ein har fått ut
ungdyra, for det er nøyaktig like vanskeleg å sjå skilnad på kvige
og ku av elg som på fjordyr og kolle av hjort. Det kan lett bli for
store kviger, vi har lang røynsle for det. Det kan vere vanskeleg nok
å skilje pinnoksar frå eldre handyr, for i dette området er
utviklinga av gevir svært varierande. Oksane kan vere både to og tre
år gamle og berre ha nokre pinnar på skallen. Skikkelege klassiske
skovlgevir er nokså sjeldne i området.
Natt til fredag klårna det opp og
månen kom fram. Dette lova godt for morgondagen. Elgjegerar er
tradisjonelt svært tidleg på han om morgonen. Ein skal helst ha
postert ut før det vert skikkeleg skytelyst. Slik var det tidlegare i
dette jaktlaget og, men erfaring har vist at det går like bra å starte
ein time seinare. Det er ein viss "action" i hytta om
morgonen, særleg den første når alle jegerane skal finne fram
jaktutstyret og pakke sekken for dagen. Seinare går det lettare.
Tidleg opp
"Reveljen" går i
sjutida ved at ansvarleg for indretenesta startar straumaggregatet. Då
er det full fart med frukost, smøring av niste, fylling av termos og
fordeling av oppdrag. Korleis er vindretninga i dag, kva drev høver det
best å starte med, kven går med bikkje og kva postar må dekkjast? Det
er nok av ting å diskutere, og jaktleiar har ein stri tørn før vi
kjem oss av garde til kvar våre oppgåver. - Du tek Breistulbakken, for
du har firehjulstrekkar med god bakkeklaring. Du syter for opplåsing av
skogsvegbommen. Du tek med elgtrekkaren opp til snuplassen, og hugs
ryggsekken til hundeførar. Ordrane kjem tett og bestemt, og stemninga
er hektisk og spent. Det er mykje som skal klaffe. - Har alle testa
radioen, vi brukar kanal fem til vi finn ut om andre brukar same
kanalen. Høyr etter karar, skyteinstruksen er som vi vart einige om i
går kveld. Det skal ikkje skytast kalv i følgje med ku, og vi skal
helst ha ut ungdyra først, veit de.

Samling på fallet. Skyttaren,
Arild Nordal ,lengst til høgre.
|

Utmaginga er skyttaren sin jobb.
Det kan vere litt av ei eldprøve.
|
Bål på elgpost
Endeleg er vi i gang. Vi finn
posten vår, det blir lettare etter som ein har fått nokre jaktturar i
same terrenget. Men kart og kompass er alltid godt å ha. Og så kan ein
sjå etter bålplass. Det var det vanskelegaste å bli fortruleg med for
ein innbarka hjortejeger; brenne bål på post for å unngå at elgen
kjenner lukta av deg! Det lærte vi av ein lokal "jakt-guide"
på Sokna. Brenn bål om trekken er ulagleg, elgen er ikkje redd for
røyklukt, og han greier ikkje skilje mannlukta frå røyklukta. Men du
må sitje heilt opp i bålet! Og det stemmer, det har vi sett mange
gonger. Elgen gjer det hjorten aldri ville finne på; han går rett mot bålet utan å
ense det.
Det er i det heile mykje som skil
elgjakt frå hjortejakt. Bruk av hund, for eksempel. Den før nemnde
jaktguiden sa alltid: "Skal du finna elg, lyt du ha bikkje".
Vanleg drivjakt på elg er ikkje effektivt i dei tette barskogane på
Austlandet. Vi ser litt av same problematikken på Vestlandet etter
kvart som dei mange granplantingane vert tette og ugjennomtrengjelege
gøymeplassar for hjorten. Motsett er hund på hjort heller ikkje
særleg effektivt. Hjorten tek mykje lettare ut og spring frå hunden.
Elgen let seg mykje mindre affisere, og stålos er ikkje uvanleg. Då
står elgen nokså roleg, medan hunden spring rundt han og strigøyr.
Pinnokse første økta
Ei melding sprakar på radioen:
"Hundeførar er i posisjon, og bikkja er laus". Pulsen stig,
vi sjekkar at våpenet er ladd og sikra, kikkertsiktet får ein ekstra
omgang med pussekluten, litt meir halvrå ved på bålet. Vi er klar på
elgpost. Vi høyrer bikkjeglam. Spenninga stig enda eit par hakk. Det
sprakar i radio-øyrepluggen: "Bikkja har los på sannsynleg ungdyr,
losen er på veg mot postrekkja". Kjem han hitover? Losen stilnar
av, elgen har teke ut. Hunden gøyr berre når han ser elgen. Kvar går
han? Det smell eit skot på naboposten ved Ilåtmyra. Ei litt andpusten stemme
kjem på radioen, det er debutanten Arild som melder: "Har skote
på ein pinnokse, men dyret ligg ikkje nede". Vi kjenner pulsslaga
dunke i halsen medan vi saumfer skogkanten med auga. Kjem han hitover?
Det smell ein gong til, hundeførar har gjeve dyret daudskotet og melder
frå om fallet.
Vi hentar Rangeren, her vert det
elgtransport. Fallet er like ved skogsbilvegen, så det vert lett å få
dyret ut. - Gratulerer! Vi trykkjer den heldige ungguten, som har felt
sin første elg, i handa. Også han driv med hjortejakt heime i
Sunnfjord, men dette er første elgen hans, og han er tydeleg opprømt.
- Han kom på meg bakfrå, hadde ikkje venta han der før eg høyrde det
knast i kvist. Eg vart litt forkava, og skotet trefte nok ikkje heilt
perfekt, fortel den ferske elgskyttaren.
Flåing og kjøtstell
Elgjegerar tek vanlegvis ein solid "siesta" midt på
dagen. Då ligg elgen roleg i daglege og hjortar, og hundane har
vanskelegare for å finne dyra då. For oss høvde det å flå og stelle
pinnoksen i lunsjpausen. Det gjer vi ved hytta der vi har rigga oss til
med slakteplass, traktor med lesseapparat og bom til å henge slaktet
på. Elgen er så "trangskinna" at han er godt som uråd å
"knueflå". Å flå med kniv, sentimeter for sentimeter, er ei
stor tolmodsprøve. Difor leiger vi oss ein traktor desse dagane, som vi
brukar til å dra skinnet av skrottane med. Vi flår beina og litt langs
buken på begge sider, kappar beina på vanleg måte og hengjer elgen
etter hasane i bommen på lesseapparatet. Vi festar dei avkappa
bakbeina, som framleis heng fast i skinnet, med tau til eit tre og
ryggar/løftar skrotten med traktoren slik at skinnet vert drege av.
Passar ein på å følgje etter og snitte litt med kniven dersom kjøt
vil følgje med skinnet, vert skrottane så fine som om dei var slakta
på Reset i Førde. Mellom to furutre har vi festa ein solid
tømmerstokk til å hengje slaktet til møyrning på. Er det varmt i
veret, dreg vi på flugeposar for å halde spyflugene vekke frå det
verdfulle kjøtet.
Lunsjpause med bål
Dersom veret tillet det, og det gjorde det til dei grader denne
gongen, brukar vi å ta ein lang lunsjpause kring eit sprakande
kaffibål. Der speilar vi egg, ristar brødskiver over glørne og
diskuterar jakt. Vi hjortejegerar har nok mykje å lære av elgjegerane
på dette området. No har vi rett nok sjeldnare godvêr i hjorten sitt
rike her ves, men likevel. Vi trur kanskje det nettopp er det sosiale,
det å bu saman på ei hytte langt inne i dei djupe skogane der
mobiltelefonar og internett ikkje fungerer, matstelle seg sjølve med
solide middagar med noko godt å drikke til etter lange dagar med jakt
og slakting, som får ein vasstrukken hjortejeger til å køyre
sju-åtte timar for å vere med på elgjakt. Vi får ofte spørsmål om
det; kva vi skal på elgjakt vi som går så mykje på hjortejakt. Blir
det ikkje i meste laget med jakt?
Resultatlaus andreøkt
Andreøkta vart ei døsig affære utan at det vart løyst skot. Det
var plenty av dyr i terrenget, men ingen av dei skytbare kom på post.
Det minka på fellingskvoten, og følgjeleg vanskelegare å finne dei
rette dyra. Men ingen sure miner av den grunn. Ettermiddagssola steikte
frå ein tindrande blå og klår hausthimmel og vermde så ein mest
kunne duppe av mellom kvar gong nye meldingar spraka i radioen. Utsikta
var aldeles utruleg vakker. Haustfargane var ikkje så avblåste som her
vestpå, og på elgposten hadde vi god tid til å nyte solnedgangen og
skumringa so kom langsamt smygande. Kan ein ha det stort betre?
Middag
Om kvelden var det tid for ein herleg, trerettars middag. Ein av
hundeførarane diska opp med nydeleg rakfisk på salte kjeks med
Snøfrisk og raudløk. Akevitt høyrer også med. Hovudretten var
medbrakt supermøyr hjortebiff med saus der hjortekraft og heimeplukka
kantarellar var mellom ingrediensane. Ein eldre kar med utprega sans for
indreteneste, hadde laga karamellpudding som han serverte med nypiska
krem. Spør om ikkje karar kan matstelle seg. Vi kunne ikkje fått det
betre på eit trestjerners hotell.
Kvige dag to
Dag to starta som den første med klarvêr,
rim på marka og tilfrosne bilruter. Klokka ni er karane på post og
bikkja kan sleppast. Denne økta opplever vi det som stadig skjer,
nemleg at losen går ut av drevet. Då må vi omgruppere og postere på
nytt for å prøve å ringe inn losen. Er vi litt uheldige, går losen
over i naboterrenget, og det er ikkje uvanleg at dyr vert felte for
framand bikkje. Det siste har hundeførar ingenting i mot, for då får
han trena hunden i å bli skoten for, og det framande jaktlaget tek vare
på bikkja og gjev beskjed om kvar ho kan hentast. Eigar sitt
telefonnummer må alltid stå på halsbandet. Marerittet er at bikkja
dreg ut og ikkje kjem att før, i beste fall om kvelden, kanskje ikkje
på dagevis. Då må ein anten til med resevebikkje, eller ein må
gjerne klare seg utan bikkje.